Stenger vegar i Osøyro sentrum 17. mai

17. mai er Fylkesveg 583 og Fylkesveg 552 stengde for gjennomkøyring i sentrum i tidsrommet klokka 11.20-12.40. Sentrumsgatene er stengde i tidsrommet klokka  10.00-13.00 på nasjonaldagen.

kart over 17. mai-toget gjennom Osøyro - Klikk for stort bileteHer går 17. mai­-toget gjennom Osøyro

I tidsrommet klokka 11.20-12.40 stenger:
Fv 583,  Byvegen ved avkøyring Os skule og Mobergsbakken ved Esso
Fv 552, Hatvikvegen ved avkøyring til Haugsneset

I tidsrommet klokka 10.00-13.00 stenger:
Sentrumsgatene Øyro, Landboden, Brugata, - følg skilting og merking. Parkering framom Bjørnafjorden rådhus er reservert i same periode.

Sjå kart over prosesjonen (PDF, 72 kB)

Sjå programmet for 17. mai