Takk, bare bra? Eit kurs for deg som er 62+

Blomstereng i solskin. - Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

«Takk bare bra?» er eit kurs for deg som vil ha ein betre kvardag. Kanskje bekymrar du deg meir enn godt er, kjenner deg nedstemt eller ønskjer å førebygge depresjon.

På kurset lærer du metodar og teknikkar du kan nytte for å skape ein betre kvardag. Kurset er ikkje behandling eller samtalegruppe kor personlege problem blir drøfta. Målet med kurset er opplæring og hjelp til sjølvhjelp.

Kven er dette kurset for?

Kurset er for deg som er over 62 år og som ønskjer ei forandring. Det passar for både deg som ønskjer å førebygge depresjon og for deg som føler deg nedfor.

Gjennom kurset får du:

  • lære meir om samanhengen mellom tankar, kjensler og fysiske reaksjonar
  • lære kva du sjølv kan endre i eige liv
  • lære om metodar og teknikkar som du kan bruke i møte med utfordringar i kvardagen
  • høve til å dele erfaringar med andre

Praktisk informasjon

Kurset varer i to timar éin dag i veka, over 9 veker. Du bør kunne delta alle gongane. Maks. 10 deltakarar. Vi har ein samtale med kvar enkelt deltakar før kursstart. Kurset kostar kr 400,- inkludert kursbok og lett servering. Betaling ved kursstart.

Kurs 2023

Tid: Onsdag 8. februar 2023, deretter kvar onsdag til og med 5. april, kl. 12.30-14.30
Stad: 4. etasje i Bjørnafjorden rådhus, Osøyro

Slik melder du deg på

Ring tryggleikssjukepleiar Bjørg A. Sjøbø på telefon 900 12 091 eller psykiatrisk sjukepleiar Anne Britt Røttingen på telefon 982 34 466