Teststasjonane stenger dørene frå 1. juli

Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogen stengde dørene 1. juli 2022, men kan opnast att ved behov. Midtsiden

Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort at koronateststasjonane kan avviklast frå 1. juli 2022.

I praksis betyr dette at PCR-testing i samband med reise/koronasertifikat etter 1. juli må tas hos ein privat aktør mot betaling. Legekontor og legevakt kan PCR-teste pasientar når dette er nødvendig av medisinske årsaker.

Koronatelefonen er stengt frå november 2022. Svar på dei fleste koronaspørsmål finn du på helsenorge.no/koronavirus. Ved andre koronaspørsmål, ta kontakt med kommuneoverlegane på telefon 90 83 48 84

Framleis hurtigtestar

Hurtigtestar skal framleis vere lett tilgjengelege på legekontora og andre offentlege hentestader. Her kan du hente gratis hurtigtestar.

Sjå også: Koronainformasjon for Bjørnafjorden kommune: Testing, vaksine og råd