Tilskot til sommarjobb skal hjelpe unge å få arbeidserfaring

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Tilskot til sommarjobb er ei støtteordning som NAV har til arbeidsgivarar. Sommarjobb skal bidra til å gi unge arbeidssøkarar arbeidserfaring med fire vekers sommarjobb. Verksemda kan få tilskot på opptil 75 %, og vil få eit kontaktpunkt i NAV med ansvar for oppfølging.


Kven kan få tilskot til sommarjobb?

Sommarjobb er eit tilbod til deg som er:  

  • under 30 år
  • har liten eller ingen arbeidserfaring
  • er arbeidssøkar og har vanskeleg for å komme inn på arbeidsmarknaden på ordinære lønns- og arbeidsvilkår
  • har behov for arbeidsretta bistand for å komme i arbeid

Korleis søke?

For å søke må du ta kontakt med NAV-kontoret ditt. NAV vil saman med deg vurdere kva behov du har for ordninga, og vil gjere den endelege vurderinga av søknaden din.

Arbeidsgivar kan ringe arbeidsgivartelefonen 55 33 33 36 og ta kontakt med NAV.
 

Les NAV region Midthordaland sitt informasjonsbrev (PDF, 321 kB) 

Til toppen