Tradisjonen tru blir det pepparkakebygd på Osøyro også i år

Sentrumsforeningen inviterer alle skular og barnehagar i Bjørnafjorden til å bli med å sette sitt preg på pepperkakebygdo! 
 

Unsplash / Ksenia Yakovleva

Borna får sjølvsagt full kunstnarisk fridom, men det er flott om dei vaksne tenker på at bidraga må tole å stå/henge ein månad. Bruk gjerne limpistol og anna for å forsterke. I år blir utstillinga i vindauga i gamle Dragesetbygget. Det blir dessverre ikkje høve til å gå inn å sjå, men det blir garantert stemningsfullt frå utsida!

Send byggemelding seinast 15. november 

Alle som ønsker å levere byggverk til utstillinga må melde frå på e-post innan onsdag 15.11. kl. 12.
Bidraga leverer de i utstillingslokala anten måndag 20. november mellom kl. 11 og 14, eller tysdag 21. november mellom kl. 17 og 19. Hugs å merke med tittel på verket og kven som har laga det (skule, barnehage, organisasjon eller privat byggmeister). Det blir vandrepokal til det beste bidraget. 

Juletog frå Giskavollen

Den offisielle opninga av Julegato på Osøyro blir fredag 24. november. Det blir oppmøte på Giskavollen kl 17.45 og tog til Torget. Ta med nisselue og hovudlykt/lommelykt! Utstillinga vil stå heile desember.

Kultureininga i Bjørnafjorden kommune hjelper til med utsending av invitasjonen, og spørsmål kan rettast på e-post til Øyvind Gjerde.