Tredje dose koronavaksine til alle over 18 år - minimum 20 veker etter andre dose

Mat Napo, Unsplash No kan alle personar over 18 år bestille time for tredje dose koronavaksine, ein såkalla oppfriskingsdose. Du kan ta vaksinen på vaksinasjonsstasjonane i Oshallen eller Fjord'n senter. Vaksinasjonsdag er i hovudsak onsdag. 

Fastlegekontora i Bjørnafjorden har for tida ikkje kapasitet til å tilby koronavaksinering. Ikkje ta kontakt med fastlegen for koronavaksinering.

  • Det skal vere eit intervall på minimum 20 veker mellom andre og tredje koronavaksinedose.

Vi har berre Pfizer-vaksinen (Comirnaty) tilgjengeleg som oppfriskingsdose, og det er dermed denne vaksinetypen som vil bli gitt.

Koronavaksinen er gratis. 

Er du over 18 år? Slik får du tredje koronavaksinedose

  • Massevaksinasjon: Oshallen og Fjord'n senter. Vaksinasjonsdag er i hovudsak onsdagar. 

Fastlegekontora i Bjørnafjorden har for tida ikkje kapasitet til å tilby koronavaksinering.

Skal du ta influensavaksine også?

Personar over 65 år er anbefalt å ta influensavaksine. Det bør vere minst ei vekes intervall mellom influensavaksine og koronavaksine. Du kan ta influensavaksine hos fastlegen din eller på massevaksinasjon. Les meir: Slik blir influensavaksineringa 2021.

Til toppen