Tredje dose koronavaksine til deg som er 65 +

Klikk for stort bilete Mat Napo, Unsplash Folkehelseinstituttet anbefaler personar over 65 år å ta ein tredje dose koronavaksine - ein såkalla oppfriskingsdose eller boosterdose. Det skal vere eit intervall på minst 6 månader mellom andre og tredje vaksinedose. Det er berre Pfizer-vaksinen (Comirnaty) som er godkjent som oppfriskingsdose, og dermed den vaksinetypen som vil bli gitt.

Koronavaksinen er gratis. 

Er du over 65 år? Slik får du tredje koronavaksinedose

  • Bestill time hos fastlegen din frå veke 44 (1.-5. november). 
  • Massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter 17., 18. og 19. november (veke 46). Klokkeslett kjem. Du kan bestille time på førehand (timebestilling kjem) eller drop-in. 

Bebuarane på sjukeheimane i Bjørnafjorden kommune som ønskjer tredje vaksinedose, vil få denne i løpet av veke 40 og 41.

Skal du ta influensavaksine også?

Personar over 65 år er anbefalt å ta influensavaksine. Det skal vere minst ei vekes intervall mellom influensavaksine og koronavaksine. Du kan ta influensavaksine hos fastlegen din frå veke 42 eller på massevaksinasjon i veke 45. Pass på at du bestiller timar for dei to vaksinane med minimum ei vekes mellomrom. Les meir: Slik blir influensavaksineringa 2021.

Til toppen