Treng du hjelp med din personlege økonomi? Få råd og rettleiing Fabian Blank, Unsplash Velkommen til drop-in økonomisk rådgiving!Er du i ein vanskeleg økonomisk situasjon?Mange går rundt med bekymringar og usikkerheit knytt til privatøkonomi, men det finst god hjelp å få. NAV Bjørnafjorden sine økonomiske rådgivarar kan gi deg konkrete tips til korleis du kan få ein betre kvardag i ein vanskeleg økonomisk situasjon.Stikk innomOnsdag 22. september, 29. september og 6. oktober mellom klokka 12 og 14 kan du droppe innom til økonomisk rådgiving i Brugata 36 på Osøyro. Drop-in betyr at du kan stikke innom utan avtale. Du kan òg ta kontakt for å avtale rådgiving, dersom det passar deg betre.Ta tak i situasjonen no- Kom innom for ein uformell og hyggeleg prat med dei økonomiske rådgivarane våre. Dei har masse erfaring og kunnskap å dele med deg. Få oversikt over den økonomiske situasjonen din og hjelp til å sette opp eit budsjett. Vi kan òg hjelpe deg å sjekke utleggstrekk, finne oversikt over gjeld og komme i dialog med kreditorar. Ta tak i situasjonen no, slik at du unngår unødvendige økonomiske bekymringar i framtida, oppmodar avdelingsleiar i NAV Bjørnafjorden, Line Naterstad Solheim.Velkommen til drop-in økonomisk rådgivingTid:Onsdag 22. september, kl. 12-14Onsdag 29. september, kl. 12-14Onsdag 6. oktober, kl. 12-14Stad: NAV Bjørnafjorden, Brugata 36, 5200 Os Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal Sist endra 20.09.2021 11.21