Velkommen på besøk til dagsturhyttene i Bjørnafjorden!

Frå opninga av dagsturhytta på Vetlevarden.

Dei to dagsturhyttene på Borgafjellet og Koldal opna i 2021.

Dagsturhyttene er eit fylkeskommunalt prosjekt og har blitt til gjennom eit spleiselag med midlar frå fylkeskommunen, Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, BKK, Bjørnafjorden kommune, spelemidlar og dugnad frå turlaga i kommunen.

Trivselsgruppa i Os turlag, frå opninga av turhyttaHyttene står opne døgnet rundt og er ein sosial møteplass for dei som har hytta som turmål eller som stopp på ein lengre tur. I hyttene er det sitteplass til om lag ti personar, vedomn og eit turbibliotek.

Nyt ei god bok i turbiblioteketBorgabuo - dagsturhytta på Borgafjellet

Hytta på Os-sida, Borgabuo, ligg på Borgafjellet, 346 m.o.h. Parkering er i Borgavegen på høgre side (100 m) etter avkøyrsel frå Hegglandsdalsvegen. Her er det merka ca. 20 plassar. Dersom denne parkeringa er full, kan parkering ved Borgafjellet barneskule nyttast på ettermiddag og i helger.

Avstand frå parkering til hytta er omlag 1,5 km og ved normalt tempo tar turen vel 40 min. Stien har middels vanskegrad (blå løype), med jamn stigning til toppen med enkelte bratte parti. Barn bør gå i følgje med vaksne.

Tur til dagsturhytta på Borgafjellet

Vetlevardhytto - dagsturhytta på Koldal

Hytta på Fusa-sida, Vetlevardhytto, ligg 326 m.o.h. i utmarka på Koldal ved turstien mot Øyrane. Parkering er ved Fjorden Arena med omlag 40 parkeringsplassar. Avstand frå parkering til hytta er omlag 1,9 km. Ved normalt tempo tar turen vel 40 min. Stien har middels vanskegrad. Jamn stigning gjennom kupert terreng. 

Tur til dagsturhytta på Koldal

Det er skilta frå parkeringsplassen mot hyttene.
Dei lokale turlaga har tilsyn med hyttene som er eigd av Bjørnafjorden kommune. Kommunen oppmodar publikum om å følge retningslinjer for bruk, både av sjølve hyttene og områda rundt.

God tur!