Velkommen på besøk til sjukeheimane våre

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Sjølv om dei fleste smitteverntiltak no er oppheva elles i samfunnet, gjeld framleis nokre tiltak på sjukeheimane våre.

Dersom du kjem på besøk til ein institusjon er du framleis anbefalt å bruke munnbind når du ikkje kan halde 1 meters avstand. Ver vennleg å følgje denne anbefalinga.

Les også: Råd om besøk i helse- og omsorgsinstitusjoner (fhi.no)

Hugs at fleire av bebuarane våre er ekstra sårbare for smitte. Dersom du ikkje er fullvaksinert, ber vi deg ta ekstra omsyn.

Vi ber deg om å tenke gjennom følgjande før du kjem på besøk:

  • Har du fått påvist covid-19?
  • Har du feber, hoste, endra lukte- og/eller smakssans eller andre nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon?

Dersom du svarar ja på eitt eller fleire av desse spørsmåla, kan du ikkje besøke sjukeheimane våre. Ved spørsmål, ta kontakt med den aktuelle avdelinga. 

Sjå kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane ved Luranetunet bu- og behandlingssenter.

Sjå kontaktinformasjon til Fusa og bu- og behandlingssenter.

Dersom du får påvist covid-19 eller utviklar symptom i etterkant av besøket, ber vi deg om å ta kontakt med avdelinga du besøkte.

Vi minner om at det er viktig med god hand- og hostehygiene.

Velkommen til oss!

Til toppen