Velkommen til Bjørnafjorden demenskor!

Illustrasjonsfoto. Kira Laktionov/Unsplash

Stine Kobbeltvedt & co startar opp med korøvingar tysdag 18. april, klokka 11.30-13.30 i Oseana kunst- og kultursenter på Os.
Bli med!

Demenskoret er eit tilbod primært for heimebuande personar med demens, med fokus på songglede, sosialt og musikalsk felleskap.

Har du lyst til å synge i koret vårt?

Eller kjenner du nokon som vil ha glede av å vere med? Då håpar vi å høyre frå deg!

For meir informasjon, kontakt:

  • Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral, telefon 943 96 618
  • Demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit, telefon 974 77 031 eller ressursvernepleiar Anne-Siv Skåthun Berge, telefon 475 08 072

Påmelding innan måndag 10. april.