Velkommen til juleverkstad i Ung Arena onsdag 10. desember!
Alle mellom 13 og 20 år er velkommen til juleverkstad i Ung Arena, arrangert av ungdom for ungdom.

Vi inviterer til ein spennande kveld der du kan la kreativiteten flyte, og lage noko fin julepynt i same slengen. Dette skjer onsdag 10. desember 2025 frå klokka 18 til 20 på Ung Arena.
Vil du vere med? Meld deg på! Det blir masse gøye aktiviteter, bærekraftig julepynt og gratis julegraut!
Helsing Unikultur og UKM
PS. Viss du har gammel papp eller andre ting som kan vere nyttig til å lage julepynt, ta det med!
Sist endra 05.12.2025 07:52