Første skuledag er tysdag 16. august 2022. Sjekk nettsidene til skulen din for informasjon om oppmøtetider og -stader for dei ulike trinna.
Her finn du lenker til alle barne- og ungdomsskular i Bjørnafjorden kommune.
Gode og trygge overgangar
Det er alltid ein stor overgang for eit barn å begynne på skulen. Vi som jobbar i og med skulane i Bjørnafjorden er veldig opptatt av å gjere overgangen mellom trinn og skular så god og trygg som mogleg. For å få det til, er eit godt samarbeid med heimen heilt avgjerande.
Nytt ordensreglement
Denne hausten skal alle skulane starte opp med nytt felles ordensreglement. Elevar, føresette og tilsette i skulen skal bli godt kjent med reglementet. Ein vil likevel oppleve nokre ulike reglar på kvar skule, spesielt rutinar knytt til skyss, skuleområdet etc. Kvar skule er unik og treng tilpassa reglar slik at alle elevar er trygge der dei ferdast.
Ei glede
Uansett kva for trinn du startar på, er det heldigvis nye opplevingar å gle seg til. Det er ei glede for meg og Bjørnafjorden kommune å ønskje nettopp deg velkommen til skulestart!
Vi gler oss til å sjå deg!
Janne M.E.Eik
Fagsjef skule i Bjørnafjorden kommune
Janne Eik, fagsjef skule i Bjørnafjorden kommune.
Os og Fusaposten