VERD-SETT: Bjørnafjorden kommune har fått midlar til stort folkehelseprosjekt retta mot barn og unge

Å høyre til: Vi ønskjer å hindre utanforskap ved å fremje kjensla av å høyre til, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet. Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Bjørnafjorden kommune har fått eit tilskot på 3,1 millionar kroner frå Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid i kommunen, fordelt over tre år.


- Ei skikkeleg gladmelding! Dette betyr at vi kan setje igang med eit stort og viktig prosjekt, seier Anne-Lise Aaseng, spesialrådgivar og folkehelsekontakt i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden kommune søkte om midlar til prosjektet «VERD-SETT, saman om livsmeistring og fråværsførebygging». Det overordna målet er å jobbe saman på barn og unge sine oppvekstarenaer for å styrke meistringsevne og psykisk helse, og for å auke nærvær og førebyggje utanforskap.

Kvifor søkte vi?

Funn i folkehelseoversikta viser at ein stor del unge i kommunen vår er plaga av einsemd, depressive symptom, søvnproblem og ofte gruer seg til å gå på skulen.
Vi har også ei gruppe med bekymringsfullt høgt fråvær, og mange unge 20-29 år som mottar stønad til livsopphald frå NAV.
Vi manglar kunnskap om trivsel hos barnehagebarn, noko dette prosjektet skal bidra til å skaffe.Folkehelseoversikta viser at mange unge i kommunen vår kjenner seg einsame, har depressive symptom, søvnproblem og ofte gruer seg til å gå på skulen. Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune    

Om tilskotsordninga

Program for folkehelsearbeid i kommunane er ei tiårig satsing (2017-2027) for å utvikle kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet.
Satsinga skal bidra til å styrke kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid jf. folkehelseloven.
Programmet skal bidra til å integrere psykisk helse som del av det lokale folkehelsearbeidet. Barn og unge er ei prioritert målgruppe. Satsinga skal søkje å hindre utanforskap ved å fremje kjensla av å høyre til, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet.

Les meir om program for folkehelsearbeid i kommunane på Helsedirektoratet sine nettsider.

Vi veit lite om trivsel blant barnehagebarn. Dette skal vi undersøke som ein del av prosjektet. Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune  

Kva konkret ønskjer vi å få til?

Vi ønskjer å styrke barn og unge sin tryggleik, trivsel, sjølvkjensle og psykiske helse. Dette vil vi gjere ved å bli betre og meir merksame på kor viktig det er å bygge relasjonar og anerkjenne kvarandre, inkludere og vere til stades, godt samarbeid og konflikthandtering i barnehage, skule og på kommunale fritidsarenaer.

Folkehelse og livsmeistring inngår både i LK-20 og i rammeplanen for barnehage. Prosjektet skal gi auka sosial og emosjonell kompetanse (til dømes korleis handtere kjensler, setje positive mål, opptre empatisk, utvikle og behalde gode relasjonar og ta gode og ansvarlege val) til alle aktørar på oppvekstområdet. Forskning viser at god sosial og emosjonell kompetanse gjer det lettare å klare seg bra i skulen og seinare i arbeidslivet. Det gjer det òg enklare å få venner, fremjer mental helse og kan vere avgjerande i møte med utfordringar i livet.

Bjørnafjorden kommune ønskjer å oppnå eit godt og inkluderande oppvekstmiljø, mindre skulerelatert stress og betre tverrfagleg samordning av kommunal innsats inn mot barn og unge.

Korleis skal vi få det til?

Vi skal bygge vidare på gode satsingar som vi allereie har, slik som Sjåast i morgon-permen (PDF, 843 kB). Vi skal òg utvikle nye, kunnskapsbaserte tiltak som ein del av prosjektet.
På denne måten håpar vi å spinne ein raud tråd gjennom barnehage og skule, og gi verktøy som hjelper barn og unge, tilsette og foreldre.

Vi vil først og fremst jobbe med prosjektet på allereie etablerte arenaer i barnehagen og skulen, slik som foreldremøte, oppvekstforum og fagdagar.

Ungdomsrådet, tenesteutvalet, formannskapet og kommunestyret stiller seg bak denne satsinga, som administrativt er forankra i kommunedirektøren si leiargruppe.

Medverknad frå barn og unge, føresette og medarbeidarar ute i skular og barnehagar blir viktig for best mogleg prosess og resultat. Vi vil få støtte til dette arbeidet frå personar med kompetanse frå FOU-miljøa Norce og KoRus.   

- Dei private skulane og barnehagane i Bjørnafjorden vil bli inviterte med i prosjektet, og vi håpar å få alle med i denne spennande og viktige satsinga, seier spesialrådgivar i Helse og velferd og folkehelsekontakt, Anne-Lise Aaseng, primus motor i søknadsarbeidet. Ho har i tillegg hatt med seg kommuneoverlege Klaus Melf, tverrfagleg rådgivar Signe Christensen og barnehagefagleg rådgivar Karianne Moberg.

Kva skjer vidare?

Vi vil bruke litt tid på å starte opp prosjektet ute i tenestene våre og lage ein framdriftsplan for 2021. Eit av delprosjekta er gjennomføring og analyse av Ungdata- og Ungdata junior-undersøkinga, som blir gjennomført i alle skulane våre i veke 5-7.

- Vi er svært glade for å få midlar til dette viktige arbeidet. Vi kjem tilbake med meir informasjon og invitasjon til samarbeid. "Verd-sett" blir eit stort og spennande prosjekt for oss som arbeider med barn og unge i alle sektorar, seier kommunalsjef Oppvekst, Line Rye.