Bestill time for tredje dose koronavaksine no - men berre dersom det har gått lang nok tid sidan andre dose

Klikk her for å bestille time til massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter kvar onsdag

  • 65 år og over: Minimum fem månader etter andre dose.
  • 18-64 år: Minimum seks månader etter andre dose.

Du kan òg bestille time ved å ringe 913 58 649
 

Vi er inne i Venneveko

Venneveko-logoen er laga av Oda Prestnes Fosså frå Fusa vidaregaånde skule.Bli med og set fokus på vennskap denne veka!

Os kommune og Os kyrkjelyd tok iniativ til den første venneveko i 2019. I veke 47, 22.-28. november 2021, blir Venneveko arrangert for tredje gong.

Kvifor venskap?

Barn, unge og vaksne treng vennskap, og i nokre fasar av livet er det ekstra viktig å ha «den eine» der, det vere seg fagperson, familiemedlem eller ein venn. Vi kan alle vere ein venn, og i alle vennskap er den gode dialogen og respekten viktig.

Målet med veka:

Jobbe med gode haldningar, involvere, vere til stades, og synleggjering på ulike arenaer i kommunen med vennskap som tema, på ein inkluderande, gøy og vennskapeleg måte.

Vi ynskjer å mobilisere breitt, og utfordrar mellom anna barnehagar, skular, eldresenter, næringslivet, idrettslag, kyrkja, frivillige organisasjonar og alle der heime om å ha spesielt fokus og synleggjering i veke 47.

I gata, på skulen, i sentrum og på kjøpesenteret, på idrettsbana, i aviser, kyrkjelydsblad, gamle og unge. Vi ynskjer å vise at vi er viktige for kvarandre, og at alle er like viktige. Du kan vere med å bety ein forskjell for dei du har rundt deg.

Nokre tankar rundt temaet som kan brukast til refleksjon, samtale og gruppearbeid:

  • Kvifor er det viktig å vere den eine vennen?
  • Korleis er det å vere ny på ein skule/ein arbeidsplass/eit lag?
  • Korleis er du ein venn når du opplever sjukdom og vanskar rundt deg - skyggar vi banen eller støttar vi?

Solidaritet, empati og aksept blir viktig rundt dette temaet. I fleire undersøkingar i det siste har einsemd peika seg ut som ei samfunnsutfordring. Difor er dette eit viktig tema å setje ekstra fokus på denne veka. Saman kan vi få til mykje, og vi kan alle gjere ein innsats.

Kva kan DU bidra med?

Kva kan di bedrift, din skule, din barnehage, ditt idrettslag, og alle andre, bidra med? Klarer vi alle å setje fokus på dette samstundes, kan vi skape noko sterkt saman!

Vennskap er viktig.

Du er viktig,

og vi treng kvarandre.

Bli med å skape vennskap i Bjørnafjorden

Vi oppfordrar òg alle til å bruke emneknaggen #venneveko i sosiale medium, dersom de deler bilete og informasjon frå arrangement i Venneveko.

Sjå og del gjerne denne filmen som blei laga til Venneveko 2020.

Kontaktpersonar for Venneveko

Anne Solberg Andersson, ungdomskonsulent i Bjørnafjorden kommune
Send e-post

Ingrid Vik, diakon Os kyrkje
Send e-post

Elin Tuft, SLT-koordinator i Bjørnafjorden kommune
Send e-post

Sigbjørg Eriksson, kreftkoordinator i Bjørnafjorden kommune
Send e-post

 

 

 

Til toppen