Trygg trafikk har saman med fylkeskommunane utarbeidd kriterier for godkjenningsordninga trafikksikker kommune. Gjennom ordninga vil kommunen jobbe systematisk for eit tryggare lokalmiljø. I dag signerte ordførar Trine Lindborg, på vegne av Bjørnafjorden kommune intensjonsavtalen som legg grunnlaget for at kommunen skal komme inn under ordninga.
Høgt på dagsorden
- For meg, og oss i koalisjonen, har trafikktryggleik alltid stått høgt på dagsorden, seier Lindborg. Dette har vi jobba med frå før vi blei Bjørnafjorden kommune. Vi har det difor med i den politiske plattformen vår og no seinast i budsjettet kor vi satte av 12 millionar kroner årleg til trafikksikringstiltak. - I tillegg vil det å bli sertifisert som ei trafikksikker kommune kunne gjere det enklare for oss å komme gjennom nålauget når vi søker om statlege eller fylkeskommunale midlar til trafikksikring, forklarar Lindborg.
Kvalitetsstempel
Trafikksikker kommune byggjer på ei godkjenningsordning. Dette er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik. - No er første milepæl nådd ved at intensjonsavtalen er signert. No startar det viktige arbeidet med involvering og forankring i alt frå barnehagar og skuler til kommuneadministrasjonen og det politiske nivået, seier Lindborg.
For å bli godkjent er det ei rekkje kriterier kommunen må oppfylle. Dei overordna kriteria er:
- Kommunen har forankra ansvaret for trafikktryggleiksarbeidet hos ordføraren og kommunedirektøren. Den enkelte kommunalsjef kan ha delansvar.
- Kommunen har eit utval som har ansvar for trafikktryggleik.
- Kommunen har innarbeidd trafikktryggleik i HMS-/internkontrollsystemet sitt. Det inneheld reglar for reiser og transport i regi av kommunen og reglar ved kjøp av transporttenester.
- Trafikktryggleik er eit årleg tema i arbeidsmiljøutvalet (AMU) til kommunen.
- Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulykker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
- Trafikktryggleik er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen.
- Kommunen har ein trafikktryggleiksplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Inkludert i planen er både trafikantretta og fysiske tiltak.
- Kommunen har eit godt system for å behandle søknader om skyss på grunn av særleg farleg skuleveg.
- Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektoren.
I tillegg er det ei rekkje kriteriar som kvar av sektorane må oppfylle. Blir kommunen godkjent gjeld godkjenninga for tre år av gangen.