Vil du vere med å gjere Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar?

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune I 2025 skal vi i Bjørnafjorden-regionen vere sjølvforsynte i 100 dagar. All mat vi et skal vere dyrka, fanga og foredla lokalt. 

Dette er i alle fall det store og hårete målet for forprosjektet kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger no skal i gang med.

Har du lyst til å leie dette spennande prosjektet? Søk stillinga som prosjektleiar innan 5. september.

Kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger har gått saman om å søkje midlar til forprosjektet «Bjørnafjorden 100 dagar sjølvforsynt», ei satsing som skal setje fokus på sjølvforsyning og lokal matproduksjon i kommunane. Forprosjektet skal vare i eitt år, og gjere klart for eit større, treårig prosjekt med det hårete målet om å vere sjølvforsynte i 100 dagar innan 2025.

Bjørnafjorden landbrukskontor, som er landbrukskontoret for dei tre kommunane, driv prosjektet.

Sjølvforsyning og folkeengasjement

- Dette blir utruleg spennande å vere med på, seier landbrukssjef Øystein Svalheim.
- Pandemien har gitt oss eit sterkare fokus på norsk sjølvforsyning, medan årets bondeopprør har retta søkelys mot manglande lønnsemd i næringa. Vi trur difor det er heilt rett tidspunkt for eit slikt prosjekt, som forhåpentlegvis kan bidra til både høgare grad av sjølvforsyning og betre lokal verdiskaping, seier Svalheim.Landbrukssjef i Bjørnafjorden, Øystein Svalheim. Os og Fusaposten  

Alle er målgruppe

Målet for hovudprosjektet vil vere å styrke lokale verdikjeder, auke areal i drift og få fleire lokalmatprodusentar. Eit anna mål er å skape ei betre forståing i samfunnet av kor viktig det er med lokal matproduksjon og bruk av jord.

Det er ikkje berre bønder og produsentar som er målgruppa, men alle som et mat i Bjørnafjorden-regionen.

- Vi ønskjer å gi folk eit nærare forhold til matproduksjon gjennom å legge til rette for parsellhagar, skulehagar og rådgiving for småskala hobbyproduksjon i dei tre kommunane. Då får vi matproduksjon på alle typar areal - frå grønsakskassar på ein balkong til dyrking i heile dalar, seier landbrukssjefen.

Men aller først må finansieringa på plass: I første omgang lyser Bjørnafjorden landbrukskontor ut prosjektstilling for eitt år. Hovudoppgåvene for prosjektleiaren vil vere å kartlegge situasjonen, planlegge hovudprosjektet - og skrive ein glimrande søknad for å sikre midlar til å gjennomføre satsinga.

Småskala-grønsaker

Bjørnafjorden-regionen har fleire utfordringar som gjer prosjektet særleg relevant. Mange små gardsbruk og mykje areal som går ut av drift er typisk for kommunane våre. Vi treng å ta i bruk små og ofte bratte areal på nye måtar. Lokalmatproduksjon generelt, og småskala grønsaksdyrking spesielt, er difor sentrale tema for prosjektet. Fråflytting, utbyggingspress, nærleik til Bergen og bruk av gardar som fritidsbustader, er andre årsaker til at areal ikkje blir nytta. Informasjon om driveplikta vil difor også vere ein viktig del av prosjektet.

Gode framtidsmoglegheiter

- Interessa for norske, lokalproduserte og miljøvennlege matvarer aukar kraftig. Det same gjer fokus på sjølvforsyningsspørsmål hos politikarar og folk flest. Fleire forbrukarar, særleg dei unge, ønskjer å vite kor maten kjem frå og å kjøpe direkte frå bonden. Dette gir nye næringsmoglegheiter for både matproduksjon og attåtnæringar, seier Svalheim.

Eit løft for alle

 - Engasjementet i befolkninga gir oss eit fantastisk utgangspunkt for å skape entusiasme for matproduksjon og for landbruket som næring. Vi håpar at prosjektet kan bidra til eit løft for landbruket og sjølvforsyninga i kommunane våre, og at vi kan få fleire lokale produsentar i åra som kjem. Slik kan fleire av dei små landbruksareala våre haldast i hevd, samstundes som innbyggarane våre kan glede seg over eit større og meir mangfaldig utval av kortreiste produkt, seier landbrukssjefen.

Les heile utlysninga og søk på stillinga som prosjektleiar

Søknadsfrist: 5. september 2021

Til toppen