Vil etablere småbåthamn

Når Bjørnafjorden kommunestyre møtest torsdag 13. juni klokka 14, skal dei mellom anna behandle eit forslag om å lyse ut kontrakt for etablering av småbåthamn på Mobergsneset.

Innstillinga frå formannskapet går ut på å lyse ut ein kontakt for småbåthamn ved Os Sjøfront med ein avtale på 40 år. Området er regulert til småbåthamn. Les saka
Kommunestyret skal også ta stilling til ein avtale om tilkomst for opparbeiding av Steinavika friluftsområde på Baldersheim. Der foreslår formannskapet å inngå ein tidsavgrensa avtale om vegrett. Les saka

Hjelpemiddellager med meir

Kommunestyret skal ta stilling eit forslag om å inngå avtale om leige av lokale i Holen 1 (Lyssandfabrikken) til lokalt hjelpemiddellager for Bjørnafjorden kommune. Les saka
Dei får også til behandling ei sak om vinterdrift på kommunale vegar. Les saka

Kommunestyret  skal godkjenne ein utbyggingsavtale som gjer det mogleg å etablere 32 leilegheiter sentralt på Osøyro. Les saka
Dessutan kjem detaljregulering av Fjellanger, Moberg til sluttbehandling i kommunestyret. Les saka

Bilde av ordførarar

Kommunestyresalen i Bjørnafjorden rådhus har bilde av tidlegare ordførarar i Os hengande på veggane. Kommunestyret skal ta stilling til eit forslag om å flytte desse til andre veggar i Rådhuset, samtidig som bilde av ordførarar frå tidlegare Fusa, Strandvik og Hålandsdal kommunar blir hengande på Kommunetunet i Eikelandsosen. Les saka

Kommunestyret skal også godkjenne overordna strategi for helsefellesskapet i bergensområdet, behandle kvalitetsmelding for skulen og ein plan for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll for Bjørnafjorden kommune.

Årsmeldingar og -rekneskap

Kommunestyret  skal behandle ei rekke årsmeldingar, årsrekneskap og rekneskapsrapportar. Som vanleg i juni-møta kjem årsrekneskapen frå kommunen og dei kommunale foretaka til behandling. Det same gjeld årsmeldingane frå kommunen, frivilligsentralane og frå  ungdomsrådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

Økonomirapportar

Tertialrapport 1 fortel om korleis det står til med økonomien og tenestene dei første fire månadene i 2024. Kommunen ligg an til eit meirforbruk på om lag 51 millionar, trass i at kommunen jobbar med store kostnadskutt. Les saka

Kommunestyret skal dessutan ta stilling til nokre finansielle saker knytt til årsrekneskapen.

Miljøløftet og val

Handlingsprogram for Miljøløftet 2025-2028 kjem til behandling, og det same gjer årsmeldinga for Miljøløftet.

Kommunestyret skal også velje representantar til styret i Oseana kunst- og kultursenter Bjørnafjorden KF og til styret i Os idrettspark Bjørnafjorden KF. Dei skal dessutan behandle eit forslag til kandidatar til val av skjønnsmedlemmer for perioden 1.1.2025-31.12.2028.

Les alle sakene til kommunestyret