Bestill månadleg faktura frå Bjørnafjorden kommuneBjørnafjorden kommune sender normalt ut faktura for kommunale gebyr fire gonger i året. Du kan velje å få faktura månadleg. Då blir beløpet delt på 12 terminar, i staden for på fire. Les dette før du bestiller: Står du som fakturamottakar på fakturaen for kommunale gebyr frå Bjørnafjorden kommune eller er ein annan person i husstanden registrert som mottakar? Berre fakturamottakar kan gjere endringar i samband med fakturaen. Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro, e-faktura, Vipps efaktura eller Digital postkasse med Bjørnafjorden kommune. Avtale om månadleg faktura gjeld frå og med neste månad. Bestill månadleg faktura for kommunale gebyr (logg inn via ID-porten) Sist endra12.08.2020 10.28