Slik betalar du fakturaer frå Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune sender alle kommunale fakturaer digitalt. Den digitale fakturaen gir meir detaljert informasjon om kva du skal betale enn den vanlege papirfakturaen.

Digital utsending av faktura inneber at du mottar fakturaen elektronisk, så lenge du har registrert avtale om eFaktura eller anna nettbasert mottak av faktura hos Bjørnafjorden kommune. 

Dersom du ikkje har registrert avtale om eFaktura eller anna nettbasert mottak, vil du halde fram med å få fakturaen i posten.

Du kan betale på desse måtane:

 

eFaktura

eFaktura er ein enkel og grei måte å motta fakturaer på. Vi sender fakturaen til nettbanken din, ferdig utfylt med beløp, kontonummer og KID. Alt du treng å gjere, er å godkjenne han.

Vipps eFaktura

Du kan betale rekninga frå oss med Vipps eFaktura, så lenge du nyttar Vipps og har aktivert funksjonen for å motta rekningar i Vipps-appen. eFaktura vil du sjå i både Vipps-appen og nettbanken.

Faktura i Digipost/eBoks

Dersom du ikkje har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med Bjørnafjorden kommune, kan du motta faktura i digital postkasse som Digipost eller eBoks.

Faktura i postkassa

Dersom du ikkje har registrert avtale om AvtaleGiro, eFaktura eller digital postkasse med Bjørnafjorden kommune, vil du få fakturaen i postkassa på same måte som tidlegare. Blanketten har ikkje lenger ein girodel som du kan rive av og sende til banken. Dersom du betalar med brevgiro, må du no fylle ut ein tom giroblankett. Tome giroblankettar får du gratis i banken din, i Kommunetorget eller på Luranetunet.
Vi kan hjelpe deg med å fylle ut giroblanketten i Kommunetorget på Rådhuset. Her kan du òg betale fakturaen med bankkort, om du heller ønskjer det.

AvtaleGiro

Dersom du ikkje har nettbank eller andre digitale betalingsløysingar, vil oppretting av AvtaleGiro vere ei god løysing. Med AvtaleGiro syter banken din for at rekningane blir betalte direkte frå kontoen din på forfallsdato.
Last ned og skriv ut avtale om AvtaleGiro med Bjørnafjorden kommune.  (DOC, 3 MB)​​​​​​​

 

Kontakt

Lise Birkeland Kvittingen
Rekneskapsjef
Telefon: 56 57 50 56
Mobil: 932 14 503
Til toppen