Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Vanlege spørsmål om vass- og avløpsgebyr

Kommunestyret vedtar prisane for vass- og avløpsgebyra og dei ulike andre kommunale avgiftene.

Vass- og avløpsgebyr

Når får eg faktura for vass- og kloakkgebyr?

Vi sender ut faktura med gebyr for vatn og kloakk fast fire gonger i året. Dersom du har hatt feiing/tilsyn, er dette òg med på fakturaen. Forfallsdato for fakturaene er 31. mars, 30. juni, 30. september og 31. desember. Du kan velje å få faktura månadleg.

Korleis reknar de ut kor mykje eg skal betale?

Vass- og kloakkgebyra er delt i to: Eit abonnementsgebyr som er likt for alle, og eit forbruksgebyr som er rekna ut ifrå kor stor bustaden din er. Dersom du har vassmålar, fakturerer vi deg for målt forbruk.
Gebyr blir rekna ut frå det samla arealet av bygningar på eigedomen. Arealet blir målt etter NS 3490- Bruksareal. Det er også dette arealet som blir ført i matrikkelen (eigedomsregisteret) for kvar enkelt bygning.

Kva er eingongsgebyr?

Eingongsgebyret blir rekna per m2 bruksareal (BRA).

Utrekning og fakturering kan automatiserast, og du kan lett kontrollere at gebyret er riktig ved å kontrollere mot bruttoarealet som er registrert i matrikkelen.

Kva er årsgebyr?

Årsgebyret er delt i eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

Abonnementsgebyret blir rekna ut ved å gange m2 bruksareal (BRA) med pris per m2.

Forbruksgebyret kan reknast etter målt eller stipulert forbruk.

  • Målt vassforbruk føresett bruk av vassmålar. Faktisk forbruk blir ganga med pris per m3.
  • Stipulert forbruk: Bruksareal (BRA) blir ganga med ein omrekningsfaktor (talet på m3 per m2 bruksareal per år) gange pris per m3.
Kva går pengane som eg betaler i vass- og kloakkgebyr til?

All drift og vedlikehald av vatn og avløp (leidningsnett, reinseanlegg, pumpestasjonar) er finansiert av pengane frå vass- og kloakkgebyr.

Kva skjer med vass- og kloakkgebyret dersom eg sel huset mitt og/eller skal overta nytt?

Eigar av eigedomen er ansvarleg for betaling av kommunale gebyr. Dersom det ikkje er tatt høgde for påløpte kommunale gebyr ved salsopppgjeret, er det altså kjøparen som er ansvarleg, sjølv om gebyret gjeld perioden før overtakinga.
Dersom du skal selja huset ditt, og alt har mottatt faktura, må du ordna ei eventuell oppdeling av fakturaen mellom deg og kjøpar. Vi deler ikkje opp faktura.

Må eg melde frå dersom eg flyttar?

Nei, det treng du ikkje. Vi får fortløpande opplysningar om adresseendring frå Folkeregisteret, så dette skal gå automatisk.

Eg har bygd nytt hus, men ikkje flytta inn enno. Må eg betale gebyr?

Vass- og kloakkgebyra løper frå månaden etter at ferdigattest er utskriven for huset ditt.

 

Til toppen