Bjørnefjorden gründerpark og anna starthjelp

​Bjørnafjorden kommune satsar på næringsutvikling! Bjørnefjorden gründerpark skal fremme lokale gründerar. Etablerersenteret er eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune og andre kommunar i Hordaland. Dei tilbyr etablerarkurs, rettleiing, nettverkstreff og andre innføringar i gründerverda.

Bjørnefjorden Gründerpark

bjørnefjorden logo gründerpark - Klikk for stort bileteBjørnefjorden gründerpark er eit entreprenørskapssenter midt i Os sentrum laga for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar og andre som ikkje er avhengige av eit lukka kontor. Gründerparken er for dei som får energi av å omgi seg med andre som vil utvikle sine bedrifter!

Følg gründerparken på Facebook!

Opninga av Bjørnefjorden gründerpark - Klikk for stort bilete

Som leigetakar i Bjørnefjorden Gründerpark får du tilgang til:

  • Fleksible kontorarbeidsplassar
  • Sosialt og fagleg fellesskap
  • Ressursar hos Bergen Teknologioverføring (BTO)
  • Kontakt med kommunar, organisasjonar, næringssjef i Bjørnafjorden kommune og næringsliv i bjørnefjordregionen

I tillegg får du bli med på aktiviteter og kurs for kompetanseheving, nettverksbygging og organisasjonsutvikling.

Inkludert er også fri tilgang til møterom, kjøkken og alle fasilitetar du kan vente frå eit moderne kontorfellesskap. Inkludert er også FLOTT utsikt mot Bjørnefjorden. Vil du leige kontorplass? Kontakt næringssjef Elin Bryn Thorsen på elbt@bjornafjorden.kommune.no.

Leigetakar betaler kr 2490 (eks. mva.) per månad per person.

Velkommen til oss i det trivlege og kreative kontorfellesskapet midt på Osøyro!

Til toppen