Bjørnafjorden gründerpark

Kommunen har to gründerparkar, ein på Osøyro og ein i Eikelandsosen.

Desse er til for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar og andre som ikkje er avhengige av eit lukka kontor. Gründerparken er for dei som får energi av å omgi seg med andre som vil utvikle bedriftene sine!

Som leigetakar i Bjørnefjorden Gründerpark får du tilgang til:

  • Fleksible kontorarbeidsplassar både i Eikelandsosen og på Osøyro
  • Sosialt og fagleg fellesskap
  • Ressursar hos VIS
  • Kontakt med gründerar, organisasjonar, næringsliv i Bjørnafjorden

I tillegg får du bli med på aktivitetar og kurs for kompetanseheving, nettverksbygging og organisasjonsutvikling.

Inkludert er òg fri tilgang til møterom, kjøkken og alle fasilitetar du kan vente frå eit moderne kontorfellesskap. Vil du leige kontorplass? Kontakt næringssjef Elin Thorsen Kløverød på elbt@bjornafjorden.kommune.no.

Leigetakar betaler kr 2490 (eks. mva.) per månad per person.
Velkommen til oss i det trivelege og kreative kontorfellesskapet!

Gründerparkane har eiga facebookside som blir oppdatert fortløpande om ting som skjer.

Ledige lokale

For oversikt over ledige kontor- produksjons- eller butikklokale i Bjørnafjorden kommune, sjå nettsida: http://lokaleribjornafjorden.no/

Til toppen