Etablerar- og gründerhjelp

​​Har du eller bedrifta di ein god ide for næringsutvikling, eller noko som de ønsker å diskutere med næringsavdelinga i kommunen? Treng du hjelp til å etablere verksemda di? Send ein e-post til næringssjef Elin Thorsen Kløverød elbt@bjornafjorden.kommune.no for å avtale et møte. Vi kjem òg gjerne på bedriftsbesøk dersom de ønsker det. Elles finst det mange gode hjelparar i regionen og fylket vårt.

Dersom du ønsker å starte eiga bedrift, finst det fleire tilbod for å hjelpe deg fram. Her finn du eit utval aktørar.

Bjørnafjorden gründerpark er til for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar og andre som ikkje er avhengige av eit lukka kontor, og som ønskjer eit sosialt og fagleg fellesskap saman med andre gründerar, organisasjonar og næringsliv i Bjørnafjorden.  

Bjørnafjorden næringsråd utviklar fleire arrangement saman med dei, blant anna frukostmøter, kurs og konferansar. Kommunen har eit godt samarbeid med Bjørnafjorden næringsråd.

Etablerersenteret er eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune og andre kommunar i Vestland. Dei tilbyr etablerarkurs, rettleiing, nettverkstreff og andre innføringar i gründerverda.

Altinn.no har samla det du treng å vite for å starte og drive di eiga bedrift.

Innovasjon Norge kan bidra med rettleiing, finansiering, kurs og kompetanse og nettverk knytt til oppstart av bedrift, innovasjon og utvikling og internasjonal satsing. Ring gjerne gründertelefonen hos Innovasjon Noreg.

Kom-an.no har eigen vegvisar for nyskaping i Vestland fylkeskommune. Her finn du nyttige verkty og tips.

Industriutvikling Vest er eit utviklingsmiljø for både gründerar og etablerte bedrifter. Her får du tilbakemelding på den gode ideen din, og kan søke om midlar til å gjennomføre eit utviklingsprosjekt.

Vestland fylkeskommune har laga ein oversikt som kan vere nyttig. Her finn du elles hjelp til mykje.

Driftig.no er også for deg som skal starte eller vidareutvikle ei verksemd.

Nokre fleire nyttige lenker dersom du går med ein gründer i magen:

Til toppen