Kommune kjøper gåvekort hos lokalt næringsliv

Sal av gåvekort til Bjørnafjorden kommune – Kommunal tiltakspakke i samband med Covid-19.

Kommunestyret sette 23. november 2020 av to millionar kroner til kjøp av gåvekort frå lokale bedrifter, særleg innan bransjane servering, reiseliv, passasjertransport, trening og velvære. Kjøp av gåvekort skal differensierast etter storleik på lokal verksemd innan servering, trening og velvære. Desse vil bli prioriterte, men også verksemder innan reiseliv og passasjertransport er velkommen til å søke.

Bedrifter som ønsker å vere med på ordninga må ha konkrete varer, tenester eller opplevingar å selje gåvekort på, og dei må halde til i Bjørnafjorden kommune. Gåvekortet må ha interresse for ålmenta. Kvart gåvekort er pålydande kr 500 kroner, og skal vere gyldig til 1. desember 2021.

Frist for å melde seg på ordninga er søndag 29. november.

Bedrifta melder seg på ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet.

 

Dette skjer når du har søkt

Når vi har fått inn søknadene og veit kor mange som ønsker å selje gåvekort til kommunen, fordeler vi dei 4000 gåvekorta mellom bedriftene ut frå kriteria kommunestyret sette om differensiering på storleik i verksemdene og at servering, trening og velvære skal prioriterast. Når dette er gjort vil vi sende ein ordrebekreftelse til kvar av dei påmeldte kor vi ber om å få tilsendt ein faktura på det aktuelle beløpet (500 x tal gåvekort). Pengane vil så bli utbetalt umiddelbart og de må levere tilsvarande tal gåvekort til kommunen måndag 7. desember. Fortrinnsvis på epost/elektronisk. Om de ikkje har gåvekort kan standard manuelt gåvekort utarbeidd av kommunen nyttast.

Merk at nasjonale eller felles gåvekort/gåvekortordningar ikkje blir akseptert. Gåvekorta må vere per bedrift.

Slik blir gåvekorta fordelte

Dei 2000 første gåvekorta blir fordelte likt på alle tilbydarane i alle dei fem bransjane. Dei 2000 neste gåvekorta blir, i tråd med kommunestyret sitt vedtak om at tildelinga skal differensierast på bedrifta sin storleik innan servering, trening og velvære, fordelt slik:
Alle bedrifter som fell inn under desse tre bransjane deler dei første 1000 gåvekorta likt (flat tildeling).
I søknadsskjemaet blir bedriftene bedt om å oppgi prognose for omsetnad i november 2020 og faktisk omsetnad i november 2019. Dei siste 1000 gåvekorta blir fordelte mellom bedriftene med ein faktor basert på desse opplysningane.

Søknadene er offentlege, jf. offentleglova  § 3

 

 


 

Til toppen