Grøn næringsutvikling

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune  Med eit klima i endring blir fleire og fleire bedrifter utfordra til å tenkje grøn omstilling for å kunne nå dei ambisiøse krava til reduserte CO2- utslepp nedfelt i Parisavtalen. Vestland fylkeskommune har sett som mål å bli eit nullutsleppssamfunn allereie i 2030. Det er berre 10 år til!

Grøn Bjørnafjord-prosjektet er eitt av fleire tiltak kommunen set i gang for å gå frå ord til handling. Prosjektet vil legge til rette for at næringslivet i kommunen kan satse endå meir på grøn næringsutvikling, og utvikle grøn konkurransekraft i samspel med eit fagleg breitt nettverk. Ved deltaking i prosjektet vil di bedrift få tilgang til skreddarsydd kompetanseheving, god oppfølging og ressursar som kan vere med å drive fram og utvikle bedrifta sine eigne idear til grøn vekst. 

Bjørnafjorden kommune utvidar no satsinga og har etablert ei ny tilskotsordning for grøn næringsutvikling. Gjennom næringsfondet har kommunen sett av 300 000 kroner til å støtte privat næringsliv som vil gå i denne retninga. 
Bedrifter kan søke opp til 30 000 kroner.

Er dette aktuelt for di bedrift? 
 

Her finn du søknadsskjema

Vi startar behandlinga av søknadane 4. mai, og tildeler fortløpande så lenge det er midlar. 
Har du spørsmål?
Kontakt næringssjef Elin Thorsen Kløverød på e-post eller telefon 99345108.

Til toppen