Handel i Bjørnafjorden

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Koronaviruset har gitt oss alle ein heilt ny kvardag. Vi er meir heime, vi reiser mindre, nokon kan ikkje forlata heimen, og vi må halde trygg avstand frå kvarandre. Dette merkar butikkane våre godt. Saman kan vi støtte opp under lokalt arbeidsliv, sikre arbeidsplassar og sikre at dei gode lokale handelstilboda i kommunen vår kjem seg gjennom denne krisa. 

På nettsida Handel i Bjørnafjorden finn du ei oversikt over utsalsstader, informasjon om korleis du kan handle nettopp der, direkte kontaktinformasjon til butikk og nettside. Dette har vi gjort for å gjere det enklare for deg som kunde å finne det du treng, heilt lokalt! 

Til toppen