Har bedrifta di smittevernutstyr?

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Det er ei krevjande tid helsesektoren no er inne i, og det kan bli meir behov for smittevernutstyr enn det kommunen har per dags dato. Bjørnafjorden kommune oppmodar no alle næringslivsaktørar i kommunen som har smittevernutstyr til å ta kontakt.

Vi vil spesielt gjerne kome i kontakt med bedrifter som har følgande utstyr:

  • Åndedrettsvern (ffp2 eller ffp3 sertifisert)
  • Heildekkande visir/beskyttelsesbriller
  • Heildrakter (som til dømes blir brukt ved lakkering).

Dersom di bedrift har smittevernutstyr som de kan avsjå, ta gjerne kontakt med næringssjef Elin Bryn Thorsen på tlf 99345108 eller via mail: elbt@bjornafjorden.kommune.no, så vil ho koordinere i samarbeid med ansvarleg for smittevernutstyr i kommunen, Øystein Grytøyr.

Ein stor takk til dei næringsaktørane som allereie har tatt kontakt, og til alle dei som stiller opp for kvarandre og kommunen i denne tida.

Til toppen