Informasjon til lokalt næringsliv

Klikk for stort bileteKoronaviruset råkar alle, og næringslivet står overfor store og krevjande økonomiske utfordringar som følge av dei nødvendige tiltaka nasjonale og lokale styresmakter har innført.

Ei rekke verksemder i Bjørnafjorden kommune har måtta stenge midlertidig, og fleire har stor mangel på arbeidskraft. For nokre verksemder vil det vere samfunnskritisk å halde i gang produksjon, for eksempel for å kunne tilby nødvendige varer eller tenester til samfunnet. For andre vil tiltaka føre til store økonomiske tap og kanskje konkurs. Regjeringa har sett i verk ei rekke strakstiltak for næringslivet, og vurderer fortløpande om det skal innførast fleire tiltak. Sjå meir informasjon på regeringen.no

Bjørnafjorden kommune oppmodar alle verksemder til å samarbeide der det er mogeleg, og opptre koordinert og i tråd med dei retningslinjene og tiltaka som er innført av helsestyresmaktene.

Oversikt over behova til verksemder i Bjørnafjorden

Næringsdrivande i Bjørnafjorden kommune er velkomne til å kontakta næringssjef Elin Bryn Thorsen med spørsmål, bekymringar eller innspel til gode løysingar. Ho vil, etter behov, fortløpande oppdatere ei oversikt over verksemder som har bemanningsbehov og dei som allereie har eller står i fare for å måtte permittere ansatte. Der det er mogleg, kan vi i ein krevjande situasjon prøve å finne smarte løysingar for samarbeid som kan bidra til å halde hjula i gang, både for verksemder og for tilsette som er permittert eller risikerer permittering.
Næringssjefen er tilgjengeleg på telefon 9935108 eller e-post elbt@bjørnafjorden.kommune.no 

Følg nasjonale retningslinjer

Det er svært viktig at alle opptrer etter helsestyresmaktene sine retningslinjer for å hindre spreiing av koronaviruset, samtidig som vi alle bidrar til dugnaden for at samfunnet skal fungere mest mogeleg normalt.

Det er allereie fleire innbyggarar i kommunen som har kome med gode forslag til korleis vi kan støtte opp om lokalt næringsliv i denne krevjande tida, samtidig som fleire næringsaktørar har innført smarte løysingar for å oppretthalde gode tilbod på ein trygg måte. Det er til dømes fleire som tilbyr utkøyring av varer og produkter via digital bestilling.

Kommunen oppmodar til å handle lokalt, og mest mogeleg digitalt. Det har òg blitt oppmoda om at ein, der det er mogeleg, utset det ein har bestilt og eventuelt betalt for, i staden for å avlyse. Då mistar ikkje dei verksemdene  dette gjeld kundane sine og det økonomiske grunnlaget sitt på sikt.

Følg med på Næringslivets sikkerhetsråd sine sider for å få oppdaterte råd for næringslivet i samband med koronaviruset. 

Desse 15 funksjonane blir rekna som samfunnskritiske:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotekene
Til toppen