Oversikt over tiltak frå regjeringa

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Regjeringa har sett i verk omfattande tiltak og tilpassingar av ulike regelverk for å handtere koronasituasjonen. Ei rekke av tiltaka er retta mot  arbeidstakarar og næringsliv.
Her har næringsavdelinga i Bjørnafjorden kommune samla nyttig lenker til oppdatert informasjon.  


Permitteringsregelverk

For arbeidsgivar:

  • Regjeringa foreslår å redusere talet på dagar med lønnsplikt for arbeidsgivarar ved permittering frå 15 til 2 dagar. Det vil føre til at bedrifter som opplever ein midlertidig svikt i etterspørselen eller produksjonsforstyrring, kan få betre likviditet ved å redusere kostnadane sine raskt. På den måten kan reduksjonen i talet lønnspliktdagar ved permittering bidra til å unngå oppseiingar. Tiltaket vil vere midlertidig fram til 31. oktober.
  • Regjeringa foreslår å oppheve ventedagane før dagpengeutbetalingane startar for dei som blir permitterte. Dette vil redusere inntektstapet for permitterte arbeidstakarar. Tiltaket vil vere midlertidig fram til 31. oktober.
  • Regjeringa foreslår å redusere kravet til arbeidstidsreduksjon frå 50 prosent til 40 prosent for rett til dagpengar under permittering. Tiltaket vil vere midlertidig fram til 31. oktober.

Meir informasjon frå NAV:
https://www.nav.no/no/bedrift/innhold-til-bedrift-forside/nyttig-a-vite/arbeidsgiver-hva-gjelder-i-min-situasjon

For arbeidstakar/privatpersonar:

Informasjon frå NAV:
https://www.nav.no/no/person/innhold-til-person-forside/nyttig-a-vite/sporsmal-og-svar-i-forbindelse-med-koronaviruset/privatperson-hva-gjelder-i-min-situasjon

Informasjonsvideo om permittering frå NAV:
https://vimeo.com/397949751

Garantiar og lån til kriseramma bedrifter:

Regjeringa har varsla at dei vil foreslå to nye lånetiltak med ei samla ramme på minst 100 milliardar kroner.
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/100-milliarder-i-garantier-og-lan-for-a-hjelpe-kriserammede-bedrifter/id2693668/

Sjølvstendig næringsdrivande:

Utsett betaling av forskuddskatt:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/utsatt-betaling-av-forskuddsskatt/id2693446/

Informasjon frå NAV om sjølvstendig næringsdrivande:
https://www.nav.no/no/person/innhold-til-person-forside/nyttig-a-vite/sporsmal-og-svar-i-forbindelse-med-koronaviruset/selvstendig-naeringsdrivende-hva-gjelder-i-min-situasjon

Kultur, frivilligheit og idrett:
Stor kompensasjonsordning til kultur, frivilligheit og idrettsaktørar:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/stor-kompensasjonsordning-til-kultur-frivillighet-og-idrett/id2693889/

Til toppen