Til alle næringsaktørar i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Det er fleire bedrifter som har permittert ansatte og fleire som no står i fare for å måtte permittere. På den andre sida er det fleire som har eit stort bemanningsbehov. Næringssjef i Bjørnafjorden kommune, Elin Bryn Thorsen, ber næringsdrivande svare på ei kort spørjeundersøking for å kartlegge behova. 

Etter kvart som næringsavdelinga får oversikt over lokale behov, vil Thorsen, saman med NAV Bjørnafjorden, bistå med å koordinere og kople saman potensielle samarbeid og løysingar for og mellom bedrifter. 

Spørjeundersøkinga finn du her. (Hopp over dei spørsmåla som ikkje er relevant for di bedrift)

- Dette er ei krevjande tid, og ting endrar seg kvar dag. Eg håpar at regjeringa sine strakstiltak for næringslivet vil kunne vere med å lette situasjonen. I ein slik krisesituasjon er det viktig å stå saman der ein kan, og prøve finne løysingar der ein kan. Mange har allereie laga samarbeid saman og planar for å halde hjula i gang. Med denne kartlegginga kan vi kanskje få til endå meir.

Bjørnafjorden næringsråd, næringsavdelinga og NAV samarbeider tett for å finne løysingar for korleis bistå næringsdrivande i denne tida. Ta gjerne kontakt med næringssjefen på e-post

Bjørnafjorden næringsråd jobbar med ei digital løysing der bedrifter kan ha møte på nett og få svar på spørsmål. 

Til toppen