Tilskotsordningar i samband med korona

Det er oppretta fleire tilskotsordningar for næringslivet i samband med koronakrisa. Her er nokre av ordningane bedrifter kan søke tilskot gjennom. 

Søk midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar) 2020, Vestland fylkeskommune

Fortløpande vurdering av søknadar.

For å imøtekome dei akutte behova for hjelp i næringslivet, utlyser Vestland fylkeskommune 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring. Tiltaket skal gå til bedrifter med låg aktivitet som følgje av Covid-19 og oljeprisfallet. Midlane kan ikkje nyttast til ordinær opplæring av dei tilsette, men til opplæringstiltak i samband med planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar.
Les meir og søk

Søk tilskot gjennom Tiltakspakke Vestland, Vestland fylkeskommune

Søknadsfrist 1. mai

Fylkesutvalet har løyvd 17,7 millionar kroner til tiltak for å avhjelpe situasjonen i næringslivet knytt til koronapandemien.

De kan søkje om prosjektstøtte innan desse områda:

  • Reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass
  • Støtte til næringshagar og inkubatorar
  • Auka tilbod om etter- og vidareutdanning

 

Søk ekstraordinært innovasjonstilskot for små og mellomstore bedrifter, Innovasjon Norge

Innovasjon Norge fått auka rammer til innovasjonstilskot retta mot små og mellomstore bedrifter med vekstambisjonar for å begrense skadeverknadene som følgje av koronautbrotet. Tilskot til innovasjonsprosjekt skal bidra til å styrke bedrifta si konkurransekraft og utløyse eit potensial for bærekraftig vekst.

Desse kan søkje:

  • Innovative bedrifter med vekstpotensial. Bedrifter som har eit innovasjonsprosjekt og som minimum retter seg mot ein nasjonalt marknad.
  • Bedrifter som allereie har ein internasjonal marknad, eller som har potensial for å gå internasjonalt. 
  • Hovudmålgruppa er små og mellomstore bedrifter, men store bedrifter kan også motta tilskot under visse føresetnader.

Les meir og søk

 

Søk om ekstraordinært tilskot, Kulturrådet

Koronasituasjonen medfører avlysing av kulturarrangement, oppheving av oppdrag og reduserte inntekter for kunstnarar, kulturarbeidarar, arrangørar og tenesteleverandørar. Ofte må planlagt produksjonssamarbeid setjast på vent.

I denne situasjonen lyser rådet ut ei ekstraordinær, tverrgåande tilskotsordning med kortare saksbehandlingstid enn vanleg. Ordninga skal bidra til produksjon og formidling innanfor og på tvers av områda visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturvern og tidsskrift og kritikk. Formålet er å bygge opp under og stimulere til kreativitet og eksperimentering i møte med dei begrensingane som blir lagt i samband med koronaviruset.

Les meir og søk

Til toppen