Tilskotsordningar for næringslivet

Her finn du ei oversikt over lokale, regionale og nasjonale tilskotsordningar for bedrifter. 

 

Søk tilskot frå Grøn næringsutvikling

Fortløpande vurdering av søknadar.

Bjørnafjorden kommune har etablert ei ny tilskotsordning for grøn næringsutvikling. Gjennom næringsfondet har kommunen sett av 300 000 kroner til å støtte privat næringsliv som vil gå i denne retninga. 
Bedrifter kan søke opp til 30 000 kroner.
Les meir og søk.

Søk driftstilskot til kunst, kultur og idrett (budsjettvedtak 2021), Vestland fylkeskommune

Søknadsfrist 30. april

Aktørar innan kunst-, kultur-, frilufts- og idrettsfeltet med hovudaktivitet i Vestland fylke kan søkje. Verksemda skal vere ideell (ikkje-kommersiell), ha eit tydeleg føremål innan kunst, kultur og idrett og ha sterk regional eller nasjonal verdi, det vil seie verdi for heile eller større delar av Vestland fylke.

Les meir og søk

Søk tilskot til kommersialisering, Innovasjon Norge

Desse kan søkje:

  • Gründer- eller oppstartsselskap med forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden.
  • Bedrifter yngre enn 5 år. 
  • Du kan dokumentere at du har ein økonomisk bærekraftig forretningsmodell på plass og skal utvikle denne vidare.
  • Selskap utan særleg vekstpotensial får ikkje støtte.

Les meir og søk

Søk innovasjonslån, Innovasjon Norge

Innovasjonslån kan brukast til både kommersialisering av nye løysingar, styrking av arbeidskapitalen, omstilling, utvikling, vekst og internasjonalisering.

Les meir og søk

Søk landbruksmidlar Vestland, Innovasjon Norge

Dette kan du søkje om:

Tradisjonelt landbruk

  • Prosjekt med mål om å hente vesentlege delar av inntekt og sysselsetting frå garden.
  • Prosjekt der det er samsvar mellom garden sine eigne areal, lokalisering av dei disponible areala, kvotegrunnlag og omfanget av investeringa.
  • Ombygging eller nybygging av driftsbygningar for:
    • lausdrift i mjølkeproduksjon
    • ammekuproduksjon
    • økologisk lammekjøttproduksjon
    • gjødsellager
    • nyplanting av frukt
    • bærproduksjon i tunnel

Bygdenæring

Prosjekt der målet er å etablere tilleggsnæring til tradisjonelt landbruk slik at desse til saman gir tilfredsstillande sysselsetting og inntekt på garden.

  • Mat og drikke med lokal identitet
  • Landbruksbasert reiseliv med eit visst omfang og i kombinasjon med aktivitetsbaserte opplevingar
  • Inn på tunet

Les meir og søk

 

Til toppen