Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Os industrihamn

Reglar og satsar for anløpsavgift er fastsett i forskrift om anløpsavgift for Bergen og omland havnevesen.

For å bestille tid, send epost til oshamn@os-ho.kommune.no

 

Anløpsavgift 

Reglar og satsar for anløpsavgift er fastsett i forskrift om anløpsavgift for Bergen og omland havnevesen.

 

Kaivederlag 2018

Fartøy som nyttar kommunens kaier, betaler kaiavgift etter følgjande satsar per påbegynt døgn, basert på fartøyet sin bruttotonnasje (BT):

For dei første 30 000 BT  kr 0,50
Alt over 30 000 BT kr 0,72
Minsteavgift kr 250,-

Bruttotonnasjen (BT) reknast etter konvensjonen om fartøymåling av 1969 i samsvar med retningsliner gitt av Fiskeridepartementet.

Varevederlag 2018

For alle varer som er kome frå, eller vert sende, innanriks over Os kommune si kai, skal det betalast vareavgift per tonn som følgjer:

A: Massegods (asfalt, grus, pukk, singel, sand, sement, salt, slagg, m.m. kr 9,-
B: Andre varer kr 14,-
Minsteavgift kr 410,-
Vassgebyr per kubikkmeter kr 23,-
Minstegebyr vatn kr 360,-

 

Takstar for levering av straum ved Os industrihamn 2018

Straumlevering til skip m.v. vert rekna per påbegynt døgn. Straum må bestillast på førehand, måndag-fredag kl. 8-15.

230 volt opp til 32 ampere kr 145/påbegynt døgn
400 volt opp til 32 ampere kr 255/påbegynt døgn

 

 Kalender for Os industrihamn

 

Til toppen