Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Kunnskapsprøver for sals- og skjenkeløyve

Det er to typar kunnskapsprøve: Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på serveringsstad.

Kven kan ta kunnskapsprøve?

Alle kan ta kunnskapsprøvene. Dersom du skal bli godkjent som styrar eller avløysar på stader med sals- eller skjenkeløyve, må du ha bestått prøva. Du må i tillegg ha fylt 20 år. 

Slik går du fram for å ta prøvene

Alle i Bjørnafjorden kommune må avlegge prøva i Bergen kommune. Meir informasjon om korleis du søkjer kan du finne på Bergen kommune sine heimesider.

Pensum

Det finst bøker og anna læremateriell som inneheld det du treng å vita før kunnskapsprøvene, til dømes på vinn.no.

Kva kostar det?

Det kostar kr 400,- å avlegga kunnskapsprøva.

Til toppen