Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Endra kontonummer

Dersom du ønskjer å endra kontonummer for utbetaling av tilgodebeløp, kan du gjera det i Altinn.

Dersom fristen for å endra kontonummer i Altinn har utløpt, kan du oppgje kontonummeret du ønskjer å endra til i brev eller e-post til Bjørnafjorden kemnerkontor.

Oppmodinga om endring av kontonummer må vera underteikna av dagleg leiar i selskapet eller den som dagleg leiar har gitt fullmakt til. Legg ved kopi av ID og eventuell fullmakt. Dersom oppmodinga kjem frå advokat, revisor eller rekneskapsførar er det ikkje naudsynt med fullmakt. Det må òg dokumenterast ved hjelp av bankutskrift at kontoen tilhøyrer selskapet.

Til toppen