Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Solidaransvar

Når ein arbeidstakar leigast ut til andre, har oppdragsgjevar (den som leiger inn) og oppdragstakar (den som leiger ut) ansvar for å overhalde arbeidsgivarpliktene. Dette blir kalla solidaransvar.

Oppdragsgjevar og oppdragstakar har eit felles ansvar for å utrekna og betala forskotstrekk og arbeidsgivaravgift, og for å senda inn a-meldingar.

Skattemyndigheitene kan forhalda seg til både oppdragsgivar og oppdragstakar ved innkrevjing.

Enkeltpersonsføretak er òg omfatta av reglane om solidaransvar dersom dei driv med arbeidsutleige.

Fritak frå solidaransvaret

Oppdragsgivar og oppdragstakar kan avtala kven av dei som skal ha arbeidsgivaransvaret, men ein slik avtale fritar ikkje den andre for ansvar overfor det offentlege.

Fritak frå arbeidsgivaransvaret kan berre innvilgast av Kemneren etter søknad. Du må søkja før arbeidet startar, vi gjev ikkje fritak bakover i tid.

Enkelt fritak

Fritaket gjeld berre arbeidstakarar som er spesifisert i kontrakt.

Utvida enkelt fritak

Fritak på bakgrunn av ein rammeavtale. Det er ikkje naudsynt å opplyse om kva for tilsette som leigast ut.

Generelt fritak

Inneber at ein oppdragstakar får innvilga fritak for alle sine oppdragsgjevarar. Denne typen fritak er for selskap som driv med utleige av arbeidskraft, typisk vikarbyrå. Oppdragstakar må vera registrert i Arbeidstilsynet sitt register for bemanningsføretak.

Søknad om fritak om solidaransvar må innehalda:

  • Kopi av skriftleg avtale mellom partane
  • Opplysningar om kven som skal ivareta pliktane som arbeidsgivar
  • Opplysningar om når dei utleigde arbeidstakarane skal starta arbeidet
  • Kor lenge oppdraget skal vara
  • Namn og fødselsnummer på dei arbeidstakarane som leigast ut
  • Stadfesting frå revisor/rekneskapsførar eller bank på at oppdragsgivar oppfyller vilkåra etter skattebetalingslova § 5-12 om oppbevaring av skattetrekk. Denne stadfestinga må ikkje vera eldre enn to år.

Send søknad til skatt@bjornafjorden.kommune.no eller ta kontakt for meir informasjon.

Til toppen