Restskatt

Når Skatteetaten har behandla skattemeldinga di, får du eit skatteoppgjer. Då får du veta om du får att pengar på skatten eller om du må betala restskatt.

Ein privatperson, sjølvstendig næringsdrivande eller deltakar i ansvarleg selskap er personleg skattytar. Skatteoppgjer for personlege skattytarar 

Tilleggsforskot

Du får rentetillegg på restskatten. For å unngå dette, kan du betala tilleggsforskot innan 31. mai.

Slik unngår du renter på restskatten

Betalingsfrist

Restskatten blir delt i to like store beløp. Dersom restskatten er på under 1000 kroner, skal heile beløpet betalast på ein gong. Dersom restskatten er på under 100 kroner, vil han ikkje bli kravd inn.

Betalingsfrist for det første beløpet er tre veker etter at du mottok skatteoppgjeret, men aldri tidlegare enn 20. august. Frist for å betala restbeløpet er fem veker etter første betalingsfrist.

Slik betaler du restskatten

Du får tilsendt ein betalingsgiro med KID-nummer etter skatteoppgjeret. Sjølv om du ikkje har mottatt giroen, skal du likevel betala til forfall.

Betal til: 

Bjørnafjorden kemnerkontor:

  • Kontonummer: 6345 07 46241
  • IBAN: NO37 6345 07 46241
  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:

  • Kontonummer 6345 06 12237
  • IBAN: NO45 6345 06 12237
  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:

  • Kontonummer: 6345 07 12444
  • IBAN: NO77 6345 0712 444
  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Vel skatteart restskatt og det året skatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.

Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få IBAN-nummer og SWIFT-kode.

Dersom du betaler for seint

Dersom du betaler for seint, må du betala forseinkingsrenter i tillegg til restskatten. Renter løper frå betalingsfristen og heilt til du betaler.

Dersom du ikkje betaler

Du må betala sjølv om du er ueinig i kravet. Sjølv om du klagar på likninga, skal restskatten betalast ved forfall. Dersom du får medhald i klagen, vil du få pengane tilbake. Unntaket er dersom vi brukar tilgodebeløpet til motrekning.

Dersom du framleis ikkje betaler, har kemnerkontoret plikt til å forsøka å få dekt kravet ved:

Gebyr og/eller betalingsmerknader kan koma i tillegg.

Dersom du ikkje kan betala

Betalingsvanskar

Klage 

Klage på skatteoppgjeret.

Til toppen