Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Pengar til gode

Dersom du har pengar til gode ved skatteoppgjeret, får du dei vanlegvis utbetalt 1-2 veker etter at skatteoppgjeret er klart. Beløp under 100 kroner vil ikkje bli utbetalt.

Dersom du skuldar pengar til det offentlege, kan tilgodebeløpet bli brukt til å betala desse krava, såkalla motrekning.

Når kjem skatteoppgjeret?

Endra kontonummer

Dersom du ønskjer å endra kontonummer for utbetaling av tilgodebeløp, kan du gjera det i Altinn. Dersom fristen for å endra kontonummer i Altinn har utløpt, kan du oppgje kontonummeret du ønskjer å endra til i eit brev eller e-post til kemnerkontoret. Legg ved kopi av ID og stadfesting frå bank om at du er eigar av kontoen du ønskjer utbetaling til.

Dersom endringa av kontonummer gjeld ein person som er død, må du legga ved kopi av skifteattest og fullmakt frå eventuelle andre arvingar.

For upersonlege skattytarar: Oppmodinga om endring av kontonummer må vera underteikna av dagleg leiar i selskapet eller den som dagleg leiar har gitt fullmakt til. Legg ved kopi av ID og eventuell fullmakt. Dersom oppmodinga kjem frå advokat, revisor eller rekneskapsførar, er det ikkje naudsynt med fullmakt. Det må òg dokumenterast ved hjelp av bankutskrift at kontoen tilhøyrer selskapet.

Rentegodtgjering

Dersom du har betalt for mykje skatt, får du renter på tilgodebeløpet (Skatteetaten).

Har du ikkje fått skatteoppgjeret?

Kontroller om beløpet har kome inn på bankkontoen din før du tar kontakt med oss. Mange oppgjer skal ut samstundes, så det kan ta litt tid.

Sjekk at du har meldt rett adresse til Folkeregisteret. Flyttar du innan Noreg skal du senda flyttemelding til Folkeregisteret innan åtte dagar. Upersonlege skattytarar må melda flytting til Einingsregisteret.

Til toppen