Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Skatteattest

Ein attest for skatt og meirverdiavgift viser om verksemda eller du som privatperson skuldar skatt, meirverdiavgift eller arbeidsgivaravgift.

 

Slik bestiller du attest

Du bestiller sjølv attesten i Altinn. Attesten vert produsert same dag og sendt elektronisk i PDF-format til din meldingsboks i Altinn.

Bestill attest for skatt og meirverdiavgift

Dersom du ikkje har moglegheit til å bestilla attesten via Altinn, kan du kontakta Skatteetaten eller Bjørnafjorden kemnerkontor for hjelp til å bestilla. 

Kva treng du skatteattest til?

  • Tilbod/anbod/leveransar til offentleg verksemd
  • Søknad om løyve
  • Søknad om skjenkeløyve
  • For å dokumentera at verksemda eller du som privatperson ikkje skuldar skatt eller meirverdiavgift
Til toppen