Tilleggsforskot

Veit du at du har betalt for lite skatt? Då kan du betala tilleggsforskot og slik unngå rentetillegg på restskatten. Frist for å betala er 1. juni.

Rentesatsar på tilgodebeløp, restskatt og resterande skatt (Skatteetaten)

Betaling av tilleggsforskot


Betal til: 
Bjørnafjorden kemnerkontor:

  • Kontonummer: 6345 07 46241

  • IBAN: NO37 6345 07 46241

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:

  • Kontonummer 6345 06 12237

  • IBAN: NO45 6345 0612 237

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:

  • Kontonummer: 6345 07 12444

  • IBAN: NO77 6345 07 12444

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.

Vel skatteart tilleggsforskot og det året skatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.

Klage på tilleggsforskot som ikkje er godkjent

Det kan henda at tilleggsforskot du har betalt inn ikkje blir godkjent. Årsaken kan vera at du har betalt etter fristen 1. juni, eller at du har brukt feil KID-nummer eller kontonummer. I slike tilfelle kan du få tilbakebetalt beløpet før skatteoppgjeret. Beløpet kan òg bli brukt til å betala forskot på restskatt. 

Kontakt Kemneren dersom du vil klaga på tilleggsforskot som ikkje er godkjent.

Til toppen