Barnehagemiljø og krenking

Vi har nulltoleranse når det gjeld krenking i barnehagane i Bjørnafjorden kommune. Det er viktig at foreldre eller andre melder frå til barnehagen dersom dei opplever at barn fell utanfor fellesskapet eller er del av uheldige samspelsmønster. 

Kva gjer du dersom eit barn blir krenka?

  • Ta kontakt med barnehagen og be om eit møte med pedagogisk leiar eller styrar.
  • Barnehagen kan ta kontakt med foreldra til den eller dei som krenkar barnet ditt.
  • Kom fram til tiltak i samarbeid med barnehagen.

Barnet mitt krenkar andre, kva gjer eg?

  • Gi klar beskjed om at du ikkje aksepterer krenking.
  • Ta kontakt med barnehagen og be om eit møte med pedagogisk leiar eller styrar.
  • Barnehagen skal syta for at krenking stoppar, og at både barn som blir krenka og krenkar får tett oppfølging.

Ta kontakt med Innsatsteamet ved spesielt krevjande saker

Bjørnafjorden kommune har eit eige innsatsteam mot krenking/mobbing i barnehagar og skular
Innsatsteamet kan behandla saker der føresette og barn opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar tak i problema eller ikkje gjer nok.
Innsatsteamet kan òg hjelpa dersom barnehagen/skulen si leiing opplever at tilsette ikkje greier å løysa saka eller der dei ordinære tiltaka ikkje har hatt ønskt effekt. Barn og unge, føresette og tilsette kan ta kontakt med oss for å melda inn saker.

Nyttige lenker:

Mobbeombodet i Vestland - mobbeombod for barnehagebarn og elevar

Utdanningsdirektoratet/nullmobbing.no - informasjon til barn og føresette om mobbing og rettar

Kontakt

Lena Epland Sløgedal
Leiar for barnehageutvikling og barnehagemynde
Mobil: 92423380
Til toppen