Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Barnehageopptak i Bjørnafjorden kommune 2020 - søknadsfrist og framdrift

Søknadsfristen for barnehageplass i Bjørnafjorden kommune er 1. mars.

Hovudopptaket går føre seg i tre rundar. Søkarar får tilbod om plass etter kvar runde.
Alle som har søkt innan fristen, skal ha fått tilbod om plass eller informasjon om når dei eventuelt har rett på barnehageplass innan 31. mai 2020.

Søknader som kjem utanom hovudopptaket, blir innvilga så langt det er mogleg. Dersom det blir ledige plassar i løpet av eit barnehageår, skal desse plassane tildelast barn som står på prioritert venteliste, og barn som har søkt plass utanom opptaka.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn snarveg til søknadsskjema og informasjon om korleis du søkjer på sida "Søka, endra, byta, seia opp barnehageplass".

Informasjon om tilbod, opningstider og ferie finn du i vedtektene til den enkelte barnehage. Sjå oversikt over barnehagane i Bjørnafjorden kommune.

Kontakt

Irene Kvåle Foer
Til toppen