Har du fakturaspørsmål?
Ta kontakt med styrar i barnehagen din.
Pris i kommunale barnehagar
Holdhus, Holmefjord, Jettegryto, Lysekloster, Os, Strandvik, Søre Fusa og Trollskogen barnehage.
Sjå prisar for dei kommunale barnehagane i oversynet over betalingssatsar, avgifter og gebyr i Bjørnafjorden kommune.
Pris i private barnehagar
Sjå heimesidene til den aktuelle barnehagen.
Søskenmoderasjon
Har du fleire enn eitt barn i barnehage, må du melde frå om dette til styrar i barnehagen for å få søskenmoderasjon. Søsken må bu i same husstand.
- Barn nummer to i barnehage utløyser 30 % reduksjon i foreldrebetalinga.
- Barn nummer tre eller meir utløyser 50 % reduksjon i foreldrebetalinga.
Rett til reduksjon gjeld òg om søsken går i forskjellige barnehagar. Det yngste barnet utløyser søskenmoderasjon, og moderasjonen skal trekkast frå dette barnet sin faktura.
Rimelegare barnehage for dei som tener minst
To ordningar kan vere aktuelle å søke om. Sjå meir informasjon om desse og korleis du søker:
Betalingsfri månad
Alle barnehagar har éin betalingsfri månad. Som regel er juli betalingsfri månad, men dette kan variere. Kontakt barnehagen din, eller sjå barnehagen sine vedtekter, for meir informasjon.