Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling i barnehagen

Dersom husstanden si samla inntekt er under 548 500 kroner, kan du søka om gratis kjernetid i barnehagen for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og om redusert foreldrebetaling. 

Dersom husstanden si samla inntekt er under 548 500 kroner, kan du søka om redusert foreldrebetaling for plass i barnehagen.

Les denne artikkelen før du søker. Her finn du informasjon om kven som har rett til redusert foreldrebetaling i barnehagen, om korleis du går fram for å søka og kva opplysningar du må legga ved for at vi skal kunna behandla søknaden din.

Søk om redusert foreldrebetaling

Alle to-, tre-, fire- og femåringar i husstandar med inntekt under 548 500 kroner har rett på gratis kjernetid i barnehagen. Ordninga gjeld òg for barn med utsett skulestart. Les denne artikkelen før du søker. Her finn du informasjon om kven som har rett til gratis kjernetid i barnehagen, om korleis du går fram for å søka og kva opplysningar du må legga ved for at vi skal kunna behandla søknaden din.  

Søk om gratis kjernetid

Til toppen