Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Gratis kjernetid i barnehagen for 2-5-åringar

Alle to-, tre-, fire- og femåringar i husstandar med inntekt under 548 500 kroner har rett på gratis kjernetid i barnehagen. Ordninga gjeld òg for barn med utsett skulestart. Les denne artikkelen før du søker. Her finn du informasjon om kven som har rett til gratis kjernetid i barnehagen, om korleis du går fram for å søka og kva opplysningar du må legga ved for at vi skal kunna behandla søknaden din.  

Søk om gratis kjernetid

Kva er gratis kjernetid i barnehagen?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet ditt har heildagsplass, må du betala for opphald utover dei 20 timane.

Les dette før du søker:

  • Føresette må sjølv søka om gratis kjernetid. Dette skjer ikkje automatisk.
  • Send søknad om gratis kjernetid så snart som mogleg etter at du har fått barnehageplass.
  • Føresette som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, legg vi til grunn inntekta i husstanden der barnet har si folkeregistrerte adresse.
  • Føresette må søka til den kommunen barnet er folkeregistrert i.
  • Føresette må legga ved siste sjølvmelding, for å visa at husstanden si samla inntekt oppfyller kravet til gratis kjernetid. Dersom de har skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga, er de pliktige til å opplysa om dette.
  • Dersom de ikkje kan legga fram sjølvmelding, må annan dokumentasjon leggast fram, til dømes lønsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV.
  • Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon, vil ikkje bli behandla.

 

Les meir

Om foreldrebetaling - informasjon frå Utdanningsdirektoratet

Kontakt

Irene Kvåle Foer
Mobil: 917 57 972
Til toppen