Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Redusert foreldrebetaling i barnehagen

Dersom husstanden si samla inntekt er under 548 500 kroner, kan du søka om redusert foreldrebetaling for plass i barnehagen.

Les denne artikkelen før du søker. Her finn du informasjon om kven som har rett til redusert foreldrebetaling i barnehagen, om korleis du går fram for å søka og kva opplysningar du må legga ved for at vi skal kunna behandla søknaden din.

Søk om redusert foreldrebetaling

Rimelegare barnehage for dei som tener minst

Du kan søka om redusert foreldrebetaling dersom husstanden si samla inntekt er under 548 500 kroner.

Les dette før du søker:

  • Føresette må sjølv søka om redusert foreldrebetaling. Dette skjer ikkje automatisk.
  • Send søknad om redusert foreldrebetaling så snart som mogleg etter at du har fått barnehageplass.
  • Føresette som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i husstanden der barnet har si folkeregistrerte adresse.
  • Føresette må søka til den kommunen barnet er folkeregistrert i.
  • Føresette må legga ved siste sjølvmeldinga, for å visa at husstanden si samla inntekt oppfyller kravet. Dersom de har skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga, er de pliktige til å opplysa om dette.
  • Dersom de ikkje kan legga fram sjølvmelding, må annan dokumentasjon leggast fram, til dømes lønsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV.
  • Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon, vil ikkje bli handsama.

Kor lenge gjeld vedtaket?

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå den månaden vi i Bjørnafjorden kommune mottar søknaden og ut barnehageåret (juli). NB: Vedtak frå mai gjeld til og med juli året etter.

Du/de må søka på nytt for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for husstanden si samla inntekt. Vi tilrår at du/de søker for neste barnehageår innan 15. mai. 

Du/de kan søka i løpet av barnehageåret dersom det er store og varige endringar i inntekta, til dømes på grunn av langtidsarbeidsløyse, samlivsbrot eller liknande.

Les meir

Om foreldrebetaling - informasjon frå Utdanningsdirektoratet
 

Kontakt

Irene Kvåle Foer
Mobil: 917 57 972
Til toppen