Søka, endra, byta eller seia opp barnehageplass

Søk barnehageplass   

     

Endra søknad (bekreft søknad) / byt barnehage       

 

Sei opp plass   

 

Slik søker du om barnehageplass

Søknadsfristen for barnehageplass i Bjørnafjorden kommune er 1. mars. 

Bruk den første skjemalenka ovanfor, "Søk barnehageplass". Bruk samme skjema om du vil søka om barnehageplass for første gong eller om du vil bekrefta eksisterande søknad.

Ta kontakt med barnehagane om du har spørsmål om barnehageplass eller plass på venteliste.
Sjå oversikt over barnehagar med ledige plassar.
 

Slik søker du om å få endra plassen eller byta barnehage

Bruk skjemalenka i midten ovanfor, "Endra plass/byt barnehage".

Har behovet ditt for barnehageplass endra seg? Du kan søka om redusert opphaldstid eller om å få auka opp plassen.

Har du flytta eller ønskjer du av annan grunn å byta barnehage? Du kan søka om begge deler via samme skjemaknapp ovanfor.

Sjå barnehagar med ledig plass.

Slik seier du opp barnehageplass

Bruk den tredje skjemalenka ovanfor, "Sei opp plass".

Kommunale barnehagar

Oppseiingstida er to månader, rekna frå den første i månaden etter at styrar har mottatt oppseiinga.
Dersom du seier opp etter 1. april, må du betala ut juni månad.

Bruk skjemaet ovanfor. 

Private barnehagar

Oppseiingstida varierer frå barnehage til barnehage. Du finn informasjon om oppseiingstid i vedtektene til kvar enkelt barnehage.

Les kva som står om oppseiing i vedtektene til din barnehage eller ta kontakt med styrar i barnehagen for meir informasjon. Oppseiinga må skje skriftleg.

 

Kontakt

Irene Kvåle Foer
Mobil: 917 57 972
Tonje Tveit Horne
Oppvekstkonsulent
Telefon: 56 58 01 20
Karianne Moberg
Barnehagefagleg rådgivar
Mobil: 91580151
Lena Epland Sløgedal
Leiar for barnehageutvikling og barnehagemynde
Mobil: 92423380
Til toppen