Søkje, endre, bytte eller seie opp barnehageplass

 Gå til barnehageportalen (logg inn med ID-porten)

Søknadsfristen for barnehageplass i Bjørnafjorden kommune er 1. mars. 

Ta kontakt med barnehagane om du har spørsmål om barnehageplass eller plass på venteliste. Sjå oversikt over barnehagar med ledige plassar.
 

Ofte stilte spørsmål om barnehagesøknad og -opptak

Oppseiingstid i barnehagane

Kommunale barnehagar

Oppseiingstida er to månader, rekna frå den første i månaden etter at styrar har mottatt oppseiinga.
Dersom du seier opp etter 1. april, må du betale ut juni månad.

Private barnehagar

Oppseiingstida varierer frå barnehage til barnehage. Du finn informasjon om oppseiingstid i vedtektene til kvar enkelt barnehage.

Les kva som står om oppseiing i vedtektene til din barnehage eller ta kontakt med styrar i barnehagen for meir informasjon. Oppseiinga må skje skriftleg.

Kven har rett på barnehageplass?

Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året du søkjer om barnehageplass for har rett på barnehageplass. Søknadsfristen for barnehageplass er 1. mars.

Du er garantert plass til nytt barnehageår dersom du søkjer innan fristen. Nytt barnehageår startar opp i august. Barn som er fødde i september, oktober eller november kan velje oppstart innan utgangen av den månaden dei fyller eitt år.

Du kan søkje barnehageplass heile året. Tildeling av plass i kommunale barnehagar skjer etter gjeldande opptakskriterium. Sjå vedtektene for kommunale barnehagar i Bjørnafjorden kommune. (PDF, 411 kB)

Private barnehagar tildeler plass etter opptakskriterium som er nedfelt i eigne vedtekter. Sjå barnehagen si nettside, eller ta kontakt med barnehagen.

Dersom du ikkje har fått førstevalet ditt, kan du framleis stå på venteliste til høgare val?

Ja. Du kan takke ja til barnehageplassen og samtidig stå på venteliste til høgare val eller du kan takke nei til barnehageplassen og framleis stå på venteliste til høgare val.

Kva om du ikkje får plass i dei barnehagane du har valt?

Då får du tilbod om plass i ein annan barnehage, dersom du har søkt innan fristen til hovudopptaket.

Har du fakturaspørsmål?
Har du problem med å logge inn i barnehageportalen?

Prøv først ein annan nettlesar, for eksempel Google Chrome eller Microsoft Edge. Dersom du framleis ikkje kjem inn, kan det hende portalen har tekniske problem. Då må du prøve igjen seinare.

Til toppen