Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er sakkunnig instans i spørsmål om behov for spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp.
Kva er spesialpedagogisk hjelp?
Spesialpedagogisk hjelp kan vera støtte og rettleiing innan:
- Språk
- Åtferd
- Sosial samhandling
- Forseinka utvikling
Foreldre, barnehage og spesialpedagog/logoped frå PPT utarbeider saman ein individuell utviklingsplan for barnet.
Hjelpa blir i hovudsak gitt i barnehagen av spesialpedagog eller logoped frå PPT. Pedagogen arbeider direkte med barnet, individuelt eller i mindre grupper, og gjev rettleiing til foreldre og tilsette.
Dersom barnet ikkje går i barnehage, kan PPT gje hjelp i heimen eller andre arenaer.
Tilbodet er gratis. Dei tilsette har teieplikt.
Slik søker du
Foreldra og barnehagen samarbeider ofte om å fylla ut søknaden om tilvising til PPT. (PDF, 212 kB)
Dersom barnet ikkje går i barnehage, kan foreldra ta direkte kontakt med PPT-kontoret.